søndag 21. november 2010

Petit - Minne

Ein gong, var eg i New York med foreldra mine på ferie. Eigentlig skal jo ferie vere avslappandes, men eg trur ikkje mor mi slappa så mykje av denne dagen. Me skulle ta t-bana til eit museum nær Central park. Då me skulle gå på toget så fikk sjølvsagt pappa ein telefon frå jobben. Eg og min bror merka ikkje dette og gjekk rett in på første tog som kom. Då me snudde oss så me at pappa og mamma stod igjen medan døra gjekk igjen. Me tenkte då at dette gjekk jo bra, New York er jo ikkje ein stor by. Me spurte ei dame om kva for stasjon som var nærmast museet, men ho hadde ikkje nokon aning. Me så på kartet over undergrunnen og huska kva gate museet var på. Så me gjekk av og gjekk mot museet. Dette var jo inga sak, New York er jo ikkje nokon farleg by, men mor mi var heilt frå seg og på gråten da vi kom slentrande mot dei som stod ved museet. Kva var det ho tok sånn på veg for? Eg var jo 12 år og ein stor gut. Alt gjekk jo bra til slutt.

Korleis det var å lage digital forteljing

Når eg først fikk høyre at eg skulle lage ei digital forteljing blei eg litt forbausa. Korleis skulle eg gjøre dette? Så fikk eg høyre at det var ei slags ”film” vi skulle lage og da gjekk det betre. Eg tenkte på kva eg kunne lage film om, men det var vanskelig å komme på noko. Eg kom ikkje på noe før norsktimen uka etter. Da fikk eg høyre at det også gjekk an å lage ei analyse av ei song. Da bestemte eg at eg skulle ta ein kul song med betyding. Så eg analyserte denne songen og bestemte meg for å spille songen i bakgrunnen til filmen og analysen skulle vere bildane i forteljinga. Det var ikkje noko morsamt i begynninga, for eg visste jo ikkje kva eg skulle gjøre, men etter kvart var det meir morsamt fordi eg jobba med ein song eg likte.