søndag 21. november 2010

Petit - Minne

Ein gong, var eg i New York med foreldra mine på ferie. Eigentlig skal jo ferie vere avslappandes, men eg trur ikkje mor mi slappa så mykje av denne dagen. Me skulle ta t-bana til eit museum nær Central park. Då me skulle gå på toget så fikk sjølvsagt pappa ein telefon frå jobben. Eg og min bror merka ikkje dette og gjekk rett in på første tog som kom. Då me snudde oss så me at pappa og mamma stod igjen medan døra gjekk igjen. Me tenkte då at dette gjekk jo bra, New York er jo ikkje ein stor by. Me spurte ei dame om kva for stasjon som var nærmast museet, men ho hadde ikkje nokon aning. Me så på kartet over undergrunnen og huska kva gate museet var på. Så me gjekk av og gjekk mot museet. Dette var jo inga sak, New York er jo ikkje nokon farleg by, men mor mi var heilt frå seg og på gråten da vi kom slentrande mot dei som stod ved museet. Kva var det ho tok sånn på veg for? Eg var jo 12 år og ein stor gut. Alt gjekk jo bra til slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar